-
Exodus 35
- 1 Og Moses kalla i hop heile Israels lyden, og sagde med deim: «Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
- 2 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag; han skal vera ein kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
- 3 Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på kviledagen.»
- 4 Og endå sagde Moses med heile Israels-lyden: «Høyr no kva Herren segjer og vil:
- 5 «Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar
- 6 og purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn og geiteragg
- 7 og raudlita verskinn og markuskinn og akazietre
- 8 og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen
- 9 og sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
- 10 Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:
- 11 huset med raggetæpi og taket og krokarne og plankarne og tverstokkarne og stolparne og stabbarne,
- 12 kista og stengerne som ho skal berast etter, og kisteloket og forhengtæpet,
- 13 bordet med berestengerne og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,
- 14 den skinande ljosestaken med det som høyrer til, og lamporne og oljen til ljosestaken,
- 15 røykjelsealtaret med berestengerne, som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen, og dørtæpet til husdøri,
- 16 brennofferaltaret med kopargrindi og berestengerne og alt anna som høyrer til, balja med foten under,
- 17 lereftsgarden, som skal vera kring tunet, med stolparne som høyrer attåt, og stabbarne som dei skal standa på, og tæpet til tunporten,
- 18 pålarne til huset og til lereftsgarden og togi som skal bindast i deim,
- 19 embætsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønerne hans.»»
- 20 So gjekk heile Israels-lyden burt frå Moses,
- 21 og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.
- 22 Dei kom både menner og kvende, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
- 23 Og alle som hadde purpur eller skarlak eller karmesin eller kvitt lingarn eller geiteragg eller raudlita verskinn eller markuskinn, dei kom med det.
- 24 Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akazietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.
- 25 Kvar ei kona som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender, og kom med spunen: purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn.
- 26 Og alle kvende som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.
- 27 Hovdingarne kom med sjohamsteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,
- 28 og med kryddor og olje til ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.
- 29 Kvar mann og kona av Israels-folket som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom viljugt med ei gåva til Herren.
- 30 So sagde Moses til Israels-folket: «Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,
- 31 og fyllt honom med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
- 32 so han kann emna til fagre ting og smida deim ut i gull og i sylv og i kopar,
- 33 og ferda til glimesteinarne som skal setjast på presteskrudet, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.
- 34 Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i honom og Åhåliab, son åt Akhisamak, av Dans-ætti.
- 35 Han hev fyllt deim med kunstnarånd, so dei kann både smida og snikra, og gjera åklæde med innvovne bilæte og rosor av purpur og skarlak og karmesin og kvitt lingarn, og veva kva dei vil, alt arbeid kann dei greida, og kunstverk kann dei skapa.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.