-
Exodus 29
- 1 Høyr no kva du skal gjera med deim, når du vigjer deim til prestar: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,
- 2 og so søtt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl.
- 3 Du skal leggja deim i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi, og leida fram uksen og verarne.
- 4 Aron og sønerne hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två deim med vatn.
- 5 So skal du taka den heilage klædebunaden, og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen, og hava på honom messehakelen og bringeduken, og binda livgjordi um honom,
- 6 og setja huva på hovudet hans, og den heilage gullspongi i huva,
- 7 og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva honom.
- 8 So skal du kalla fram sønerne hans, og klæda deim med kjolar,
- 9 og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.
- 10 Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt uksen.
- 11 Og du skal slagta uksen framfor augo åt Herren, i døri til møtetjeldet.
- 12 So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet skal du hella ut innmed altarfoten.
- 13 Heila netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, skal du taka og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen.
- 14 Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Dette er eit syndoffer.
- 15 So skal du taka den eine veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.
- 16 Og du skal slagta veren og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret.
- 17 Sjølve veren skal du lema sund, og innvolen og føterne skal du två og leggja ovanpå lemerne og hovudet.
- 18 Og so skal du brenna heile veren på altaret, so røyken stig upp imot himmelen; det er eit brennoffer åt Herren, eit eldoffer er det, som stig upp til Herren med kveikjande ange.
- 19 So skal du taka den andre veren, og Aron og sønerne hans skal leggja henderne på hovudet åt veren.
- 20 Og du skal slagta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønerne hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.
- 21 So skal du taka noko av det blodet som er på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønerne hans og klædi deira, so vert han og klædi hans vigsla, og like eins sønerne hans og klædi deira.
- 22 Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, og so det høgre låret; for dette er ein vigslever.
- 23 Og or søtebrødkorgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv.
- 24 Alt dette skal du leggja i henderne på Aron og sønerne hans, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
- 25 Sidan skal du taka det utor henderne deira, og brenna det på altaret i hop med brennofferet, so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer til Herren.
- 26 So skal du taka bringa av vigsleveren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut.
- 27 Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsleveren åt Aron og sønerne hans, det skal du lysa heilagt;
- 28 det skal vera retten åt Aron og sønerne hans hjå Israels-folket i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-folket skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå deim til Herren.
- 29 Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønerne hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og innsette i embættet.
- 30 Sju dagar skal den av sønerne som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som gjeng inn i møtetjeldet og gjer tenesta i heilagdomen.
- 31 Du skal taka vigsleveren og sjoda kjøtet på ein heilag stad.
- 32 Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønerne hans eta i døri til møtetjeldet.
- 33 Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert innsette i embættet og vigde til prestar. Men framande folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.
- 34 Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt.
- 35 Soleis er det du skal gjera med Aron og sønerne hans; du skal i alle måtar gjera som eg segjer deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara,
- 36 og kvar dag skal du ofra ein ung ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd, med di du gjer soning for det, og du skal salva det og vigsla det.
- 37 Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, skal vera vigd til heilagdomen.
- 38 Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.
- 39 Det eine lambet skal du ofra um morgonen, og det andre soleglads bil.
- 40 Tiandeparten av ei skjeppa fint kveitemjøl, blanda med ei halvkanna av den finaste beroljen, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ei halvkanna vin.
- 41 Det andre lambet skal du ofra soleglads bil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.
- 42 Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn i døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til deg.
- 43 Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og huset skal helgast av herlegdomen min.
- 44 Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønerne hans vil eg vigja til prestar for meg.
- 45 Eg vil bu midt imillom Israels-folket og vera deira Gud,
- 46 og dei skal sanna at eg er Herren, deira Gud, som leidde deim ut or Egyptarlandet, og vil bu millom deim, eg, Herren, deira Gud.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.