-
Exodus 2
- 1 So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk av og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.
- 2 Og kvinna vart umhender, og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde honom i tri månader;
- 3 då kunde ho ikkje få løynt honom lenger. So fann ho ei røyrkista til honom; den brædde ho med jordbik og tjøra, og so lagde ho sveinen upp i, og sette kista i sevet attmed elvebarden;
- 4 og syster hans stod eit stykke undan, og skulde sjå korleis det gjekk med honom.
- 5 Då kom dotter åt Farao ned åt elvi, og vilde lauga seg, medan møyarne hennar gjekk att og fram på elvbakken. Ho gådde kista i sevet, og sende terna si etter henne.
- 6 So hadde ho upp loket, og såg barnet; «nei sjå!» sagde ho, «ein liten svein som ligg og græt!» Og ho tykte synd i honom og sagde: «Det er eit av hebræarborni:»
- 7 Då sagde syster hans med dotter åt Farao: «Skal eg ganga og finna deg ei hebræarkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg?»
- 8 «Gjer so!» svara kongsdotteri. So gjekk gjenta og henta mor åt barnet.
- 9 Og kongsdotteri sagde til henne: «Tak denne sveinen og fostra honom upp for meg! Eg skal løna deg for det.» So tok kona sveinen, og fostra honom upp.
- 10 Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med honom, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses; «for eg hev teke honom upp or vatnet,» sagde ho.
- 11 So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til landsmennerne sine, og såg korleis dei laut slita og slæpa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebræar, ein av landsmennerne hans.
- 12 Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel, og grov honom ned i sanden.
- 13 Den andre dagen gjekk han ut att, og såg tvo hebræarar som heldt på og slost. Då sagde han med den som hadde skuldi: «Kvi slær du landsmannen din?»
- 14 «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?» svara han; «tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses rædd, og sagde med seg sjølv: «Hev det alt kome upp!»
- 15 Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og stana ikkje fyrr han var i Midjanlandet; der sette han seg ned attmed ein brunn.
- 16 Presten i Midjan hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn, og fyllte trørne, og vilde brynna småfeet åt far sin.
- 17 Men so kom det nokre hyrdingar og jaga deim ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte deim, og brynnte buskapen deira.
- 18 Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, sagde han: «Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?»
- 19 «Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingarne,» svara dei; «og so auste han upp vatn for oss, og brynnte buskapen.»
- 20 Då sagde Re’uel med døtterne sine: «Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed honom inn, so han kann få seg mat!»
- 21 Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si.
- 22 Ho åtte ein son, og Moses kalla honom Gersom; «for eg hev fenge heimvist i eit framandt land,» sagde han.
- 23 Som no dagarne leid og tidi skreid, so døydde kongen i Egyptarland. Men Israels-folket sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.
- 24 Og Gud høyrde korleis dei sukka og stunde, og Gud mintest sambandet sitt med Abraham og Isak og Jakob.
- 25 For Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud visste korleis til stod.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.