-
Exodus 34
- 1 So sagde Herren til Moses: «Hogg deg ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, so skal eg på deim skriva dei same ordi som stod på dei fyrste tavlorne, deim du slo sund.
- 2 Haldt deg so ferdig til i morgon tidleg! Då skal du stiga upp på Sinaifjellet, og venta på meg der, på fjelltinden.
- 3 Ingen må vera med deg upp, og ingen må syna seg på heile fjellet; heller ikkje må naut eller sauer beita uppunder dette fjellet.»
- 4 So hogg Moses ut tvo steintavlor liksom dei fyrste, og dagen etter reis han upp i otta, og gjekk upp på fjellet, som Herren hadde sagt honom til, og hadde båe steintavlorne i handi.
- 5 Då steig Herren ned i skyi, og Moses gjekk innåt, og ropa Herren på namn.
- 6 Då for Herren fram midt for augo hans og ropa: «Det er Herren! Herren er ein mild og kjærleg Gud, tolug og full av nåde og truskap!
- 7 Han let si miskunn vara i tusund mannsaldrar; han tilgjev brot og misgjerning og synd; men han vil ikkje at den skuldige skal vera strafflaus: han hemner broti åt federne på borni og barneborni, ja på barnebarns-borni og borni etter deim att.»
- 8 Då kasta Moses seg snøgt å gruve og bad.
- 9 «Å Herre,» sagde han, «hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! Um dette er eit hardkyndt folk, so tilgjev broti og synderne våre, og lata oss vera din eigen lyd!»
- 10 Og han svara: «Ja, eg vil gjera eit samband med deg; midt for augo åt heile folket ditt vil eg gjera slike under at det aldri hev vore set maken på heile jordi eller hjå noko folkeslag, og heile det folket du bur imillom, skal sjå Herrens verk, kor ageleg det er, og kor store ting eg skal gjera for deg.
- 11 Kom no i hug det eg segjer med deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritarne og kananitarne og hetitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne: dei skal røma for deg.
- 12 Agta deg då so du ikkje gjer noko samband med deim som bur i det landet du kjem til! For bur dei imillom dykk, so kunde dei verta ei snara for dykk.
- 13 De skal riva ned altari deira og slå sund minnesteinarne og hogga dei heilage trei.
- 14 Du skal ikkje beda til nokon annan gud; for Herren heiter den Strenge; han er ein streng Gud.
- 15 Aldri må du gjera noko samband med deim som bur der i landet. For når dei held seg med gudarne sine og blotar til deim, so vil dei beda deg til seg, og du vil eta av blotmaten deira;
- 16 du vil gifta sønerne dine med døtterne deira, og dei vil halda seg med gudarne sine og lokka sønerne dine til å gjera det same.
- 17 Gjer deg ikkje støypte gudebilæte!
- 18 Søtebrødhelgi skal du halda: sju dagar skal du eta søtt brød, so som eg hev sagt deg, på den tid eg hev sett, i aksmånaden; for i aksmånaden tok du ut frå Egyptarland.
- 19 Alt som kjem fyrst frå morsliv, skal høyra meg til, alt bufeet ditt som er han av slaget og som fell fyrst undan naut eller sau.
- 20 Det fyrste fylet som fell undan eit asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Kvart sveinbarn i ætti di som er frumbore, skal du løysa. Og ingen må lata seg sjå tomhendes for augo mine.
- 21 Seks dagar lyt du arbeida, men den sjuande dagen skal du kvila; um det so er i våronni eller skurdonni, so skal du kvila den sjuande dagen.
- 22 Sjuvikehelgi skal du halda når du tek inn fyrstegrøda av kveitehausten, og hausthelgi når året er utrunne.
- 23 Tri gonger um året skal alle karfolki dine møta for Drotten, for Herren, Israels Gud.
- 24 For eg vil driva ut heile folkeslag der du fer fram, og vidka ut riket ditt, og ingen skal trå etter landet ditt medan du fer upp og møter for Herren, din Gud - tri vendor um året.
- 25 Du skal ikkje bera fram blodet av offerdyri mine attåt syrt brød, og ikkje må påskehelgofferet verta liggjande natti yver, til morgondagen.
- 26 Det allerfyrste av grøda på marki di skal du bera til huset åt Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda kidet i mjølki åt mor si.»
- 27 Og Herren sagde til Moses: «Skriv no du upp desse ordi! For etter desse ordi vil eg gera eit samband med deg og med Israel.»
- 28 Han var der hjå Herren, fyrti dagar og fyrti næter, og ikkje åt han og ikkje drakk han. Og Herren skreiv sambandslovi, dei ti bodordi, på tavlorne.
- 29 So gjekk Moses ned av Sinaifjellet med dei tvo lovtavlorne i handi, og då han kom ned, stråla og skein det av andlitet hans, av di at Gud hadde tala med honom, men sjølv visste han det ikkje.
- 30 Og Aron og heile Israels-folket såg at det skein av andlitet hans Moses, og dei torde ikkje ganga innåt honom.
- 31 Då ropa Moses på deim, og so kom Aron og alle dei øvste av lyden hit til honom, og Moses tala med deim.
- 32 Sidan kom alt Israels-folket burtåt, og han bar fram alle dei bodi som Herren hadde gjeve honom på Sinaifjellet.
- 33 Og då Moses hadde sagt deim alt det han skulde, lagde han eit slør for andlitet sitt.
- 34 Men når han gjekk fram for Herrens åsyn og skulde tala med honom, tok han sløret burt, til han skulde ut att; so kom han ut og tala til Israels-folket det han var fyresagd.
- 35 Då såg Israels-folket korleis det stråla av andlitet hans Moses, og Moses hadde sløret for andlitet att, til dess han skulde inn og tala med Herren.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.