-
Exodus 31
- 1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
- 2 «Sjå no hev eg kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti,
- 3 og fyllt han med guddomsånd, med kunstgivnad og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
- 4 so han kann skapa kunstverk og smida deim ut både i gull og i sylv og i kopar,
- 5 og ferda til glimesteinarne som skal fellast inn, og skjera ut i tre, og greida allslags kunstarbeid.
- 6 Og til hjelpesmann hev eg gjeve honom Åhåliab, son åt Akhisamak av Dans-ætti, og i alle hage menner hev eg lagt kunstnargåva, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg:
- 7 møtetjeldet og kista til lovtavlorne, og loket som skal leggjast på henne, og all husbunaden i tjeldet,
- 8 bordet med alt som til det høyrer, og gull-ljosestaken med alt det som høyrer til den, og røykjelsealtaret,
- 9 og brennofferaltaret med alt som høyrer attåt, og balja med foten under,
- 10 og embætsskrudet, og den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og messeklædi åt sønerne hans,
- 11 og salvingsoljen og den angande røykjelsen til heilagdomen. Dette skal dei i eitt og alt gjera so som eg hev sagt deg.»
- 12 Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:
- 13 «Tala du til Israels-folket og seg: «Gløym no ikkje å høgtida helgarne mine! For det skal vera eit merke på sambandet vårt i alder og æva, so de skal vita at det er eg, Herren, som helgar dykk.
- 14 Di skal de høgtida kviledagen; han skal vera dykk heilag. Den som vanhelgar honom, skal visst og sant lata livet; kvar mann som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or ætti si.
- 15 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal vera ein heilag kviledag, vigd åt Herren. Kvar den som hev noko arbeid fyre seg på um helgi, skal døy.
- 16 So skal då Israels-folket koma i hug kviledagen, og halda honom heilag, ætt etter ætt i all æva;
- 17 det skal vera eit ævelegt merke på sambandet millom meg og Israels-folket. For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi, men den sjuande dagen heldt seg roleg og kvilde.»»
- 18 Då han hadde tala til endes med Moses på Sinaifjellet, gav han honom dei tvo lovtavlorne; det var steintavlor som Gud hadde skrive på med fingeren sin.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.