-
Matthew 13
- 1 Same dagen gjekk Jesus ut og sette seg nedmed sjøen.
- 2 Då samla det seg so mykje folk ikring honom, at han laut ganga ut på eit skip og setja seg der, og heile folkemengdi stod burtetter strandi.
- 3 Då sagde han deim mangt og mykje i likningar og tok so til ords: «Ein såmann gjekk ut og skulde så,
- 4 og då han sådde, fall noko av kornet frammed vegen, og fuglarne kom og åt det upp.
- 5 Noko fall på steingrunn; der hadde det ikkje mykje jord, og det rann snøgt upp, av di der var so grunt;
- 6 men då soli steig, skein det av; for det hadde ikkje rot.
- 7 Noko fall millom klunger, og klungeren voks upp og kjøvde det.
- 8 Noko fall i god jord og gav grøda, sumt hundrad foll, og sumt seksti foll, og sumt tretti foll.
- 9 Høyr etter, kvar som høyra kann!»
- 10 Læresveinarne kom og sagde til honom: «Kvi talar du til deim i likningar?»
- 11 Då svara han: «De fær vita løyndomarne i himmelriket, men det gjer ikkje dei.
- 12 For den som hev, han skal få, so han hev nøgdi; men den som inkje hev, skal missa endå det som han hev.
- 13 Difor talar eg til deim i likningar; for um dei ser, so ser dei ikkje, og um dei høyrer, so høyrer dei ikkje og skynar ikkje.
- 14 På deim vert det sanna det som Jesaja spådde: «Ja, høyra skal de nok, men ikkje håtta, sjå skal de nok, men de skal ikkje skilja.
- 15 For dette folket hev so hard ein hug; tungt høyrer dei med øyro, og augo let dei att, so dei med augo inkje sjå, med øyro inkje høyra skal, og aldri med sitt hjarta skyna, og snu, so eg deim lækja fær.»
- 16 Men sæle dykkar augo som ser, og dykkar øyro som høyrer!
- 17 For det segjer eg dykk for sant: Mange profetar og rettferdige stunda etter å sjå det som de ser, og fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, og fekk ikkje høyra det.
- 18 So høyr no de likningi um såmannen:
- 19 Kvar gong nokon høyrer ordet um Gudsriket, og ikkje skynar det, so kjem den vonde og stel burt det som er sått i hjarta hans; det er det kornet som var sått frammed vegen.
- 20 Det som var sått på steingrunn, det er den som høyrer ordet og straks tek imot det med gleda,
- 21 men han hev ikkje rot i seg, og held ikkje ut langt bilet; kjem han i naud eller fåre for ordet skuld, so leidest han snart og fell ifrå.
- 22 Det som var sått millom klunger, det er den som høyrer ordet, men suti for det timelege og den svikalle rikdomen kjøver ordet, so det ikkje ber frukt.
- 23 Det som var sått i god jord, det er dei som høyrer ordet og skynar det; dei er det som gjev grøda; ein gjev hundrad foll, og ein seksti foll, og ein tretti foll.»
- 24 So sette han fram ei onnor likning og sagde: «Himmelriket kann liknast med ein mann som hadde sått godt frø i åkeren sin;
- 25 men medan folket sov, kom uvenen hans og sådde svimling millom kveiten, og gjekk sin veg.
- 26 Då no åkeren voks upp og skaut aks, so kom svimlingen og til synes.
- 27 Då gjekk sveinarne til husbonden og sagde: «Herre, sådde du ’kje godt frø i åkeren din? Kvar kjem då ugraset frå?»
- 28 «Det hev ein uven gjort,» svara han. «Vil du me skal ganga og rykkja det upp?» segjer dei.
- 29 «Nei,» sagde han, «for då kunde de koma til å riva upp kveiten og med det same.
- 30 Lat båe veksa med einannan til hausten, og når skurdonni kjem, vil eg segja til skjerarane: «Sanka fyrst svimlingen saman og bunta honom i hop til å brennast, men hav kveiten inn i løda mi!»»»
- 31 So sette han fram ei likning til og sagde: «Himmelriket er likt eit senapskorn som ein mann tok og sette i hagen sin.
- 32 Det er mindre enn alle andre frøkorn; men når det hev vakse upp, er det større enn alle hagevokstrar og vert eit heilt tre, so fuglane i lufti kjem og byggjer reir i greinerne på det.»
- 33 So sagde han deim ei onnor likning: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kona tok og gøymde i tri skjeppor mjøl, til alt mjølet var syrt.»
- 34 Alt dette tala Jesus til folket i likningar, og utan likningar tala han aldri til deim,
- 35 so det skulde sannast det som er tala gjenom profeten, når han segjer: «Med likningar so vil eg lata upp min munn, og segja fram det som var løynt frå verdi vart.»
- 36 So bad han farvel med folket og gjekk inn att. Då kom læresveinarne til honom og sagde: «Tyd ut for oss likningi um svimlingen i åkeren!»
- 37 Han svara: Den som sår det gode frøet, er Menneskjesonen;
- 38 åkeren er verdi; det gode frøet er dei som eig heime i Gudsriket, og svimlingen dei som høyrer under den vonde;
- 39 uvenen som sådde svimlingen, er djevelen; hausten er endelykti på verdi, og skurdfolket er englarne.
- 40 Liksom no svimlingen vert sanka i hop og uppbrend, soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi:
- 41 Menneskjesonen skal senda ut englarne sine, og dei skal sanka ut or riket hans alt som skjemmer ut, og alle som gjer urett,
- 42 og kasta deim i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.
- 43 Då skal dei rettferdige skina som soli i riket åt far sin. Høyr etter, kvar som høyra kann!
- 44 Himmelriket er likt ein skatt som var nedgraven i ein åker. Den skatten var det ein mann som fann; han grov honom ned att, og glad som han var, gjekk han burt og selde alt det han hadde, og kjøpte åkeren.
- 45 Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter væne perlor.
- 46 Då han so fann ei som var ovgild, gjekk han av og gjorde alt han åtte i pengar, og kjøpte den perla.
- 47 Sameleis er himmelriket likt ei not som dei kastar i sjøen og fangar alle slag fisk i;
- 48 når ho er full, dreg dei henne upp på strandi, og so set dei seg ned og sankar den gode fisken i koppar, men den som ikkje duger, kastar dei ut.
- 49 Soleis skal det ganga til når det vert ende på verdi. Då skal englarne fara ut og skilja dei vonde frå dei gode
- 50 og kasta dei vonde i den gloande omnen, der dei græt og skjer tenner.
- 51 «Skyna de alt dette?» «Ja,» svara dei.
- 52 «Det er godt,» sagde han; «for ein lærar som hev gjenge himmelriks-skulen, er lik ein husbond som tek fram både nytt og gamalt av det han hev gøymt.»
- 53 Då Jesus hadde sagt deim alle desse likningarne, for han burt att.
- 54 So kom han til fødesheimen sin og lærde deim i synagoga deira, so dei vart reint upp i under og sagde: «Kvar hev han fenge slik visdom frå og slike underfulle krafter?
- 55 Er ’kje dette timbremanns-sonen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas?
- 56 Og systerne hans, bur dei ’kje alle her i grendi? Kvar hev so han fenge alt det frå?»
- 57 Og dei støyttest ved honom. Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og i si eigi ætt.»
- 58 Og han gjorde ikkje mange under der, for di dei var so vantrune.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.