-
Numbers 2
- 1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
- 2 «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.
- 3 På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;
- 4 og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
- 5 Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;
- 6 og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.
- 7 Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;
- 8 og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.
- 9 Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.
- 10 Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;
- 11 og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
- 12 Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;
- 13 og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.
- 14 Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;
- 15 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
- 16 Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.
- 17 Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
- 18 Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;
- 19 og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.
- 20 Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;
- 21 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
- 22 Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;
- 23 og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
- 24 Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.
- 25 Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;
- 26 og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
- 27 Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;
- 28 og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
- 29 Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;
- 30 og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.
- 31 Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»
- 32 Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.
- 33 Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.
- 34 Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.