-
Micah 6
- 1 Høyr kva Herren segjer: Reis deg! Før di sak for fjelli! Lat haugarne høyra di røyst!
- 2 Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren fører sak med folket sitt, og med Israel vil han ganga til doms.
- 3 Mitt folk, kva hev eg gjort deg? Kva hev eg trøytta deg med? Svara meg!
- 4 Eg førde deg då ut or Egyptarlandet, og frå trælehuset løyste eg deg ut; og Moses og Aron og Mirjam sette eg i brodden for deg.
- 5 Mitt folk! Kom i hug det Balak, kongen i Moab, var meint på, og det Bileam Beorsson svara honom! Kom i hug ferdi frå Sittim til Gilgal, so du kann skyna Herrens rettferdsverk!
- 6 Kva skal eg stiga fram for Herren med, bøygja meg med for Gud i det høge? Skal eg stiga fram for honom med brennoffer, med årsgamle kalvar?
- 7 Vil Herren hava hugnad i tusund verar, i ti tusund oljebekkjer? Skal eg ofra min fyrstefødde for mitt brot, mi livsfrukt til syndoffer for mi sjæl?
- 8 Nei, han hev sagt deg, menneskje, kva som godt er; for kva krev Herren av deg anna enn at du skal gjera det som rett er, leggja vinn på kjærleik og ferdast audmjukt med din Gud?
- 9 Høyr kor Herren ropar til byen - og det er visdom å ottast namnet ditt -. Høyr straffi, og kven det er som hev fastsett henne!
- 10 Finst det endå i huset åt den gudlause rangfenge skattar og undermåls skjeppemål, som er bannstøytt?
- 11 Kunde eg vera rein dersom eg bruka svikefulle vegtar og hadde falske lodd i pungen?
- 12 Du by med rikfolk, fulle av urett, og dei som bur der, talar lygn og hev ei falsk tunga i munnen sin!
- 13 So vil då eg og slå deg so det gjer vondt, leggja deg i øyde for dine synder skuld.
- 14 Du skal eta, men ikkje verta mett, og tom skal du alltid kjenna deg. Du kann flytja, men du skal ikkje berga. Og det du bergar, skal eg gjeva åt sverdet.
- 15 Du skal så, men ikkje få hausta. Du skal pressa olivor, men ikkje få salva deg med olje. Du skal pressa druvesaft, men ikkje få drikka vin.
- 16 For fyreskrifterne åt Omri agtar dei vel på, og all gjerning av Ahabs hus, og etter deira råder er det de ferdast, for eg skal gjera deg til ei skræma og ibuarane dine til spott, og vanæra yver folket mitt skal de bera.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.