-
Luke 18
- 1 Då sagde han deim ei likning um at dei stødt skulde beda og ikkje trøytna.
- 2 «I ein by,» sagde han, «var det ein gong ein domar, som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneskje.
- 3 I same byen var det ei enkja; ho kom jamleg til domaren og sagde: «Hjelp meg, so eg fær rett på motparten min!»
- 4 Lenge vilde han ikkje, men då det leid på, sagde han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje hev age for noko menneskje,
- 5 so vil eg like vel hjelpa denne enkja til retten sin, av di ho plågar meg so; elles kjem ho vel til slutt og legg til meg midt i syni!»
- 6 Høyr kva den urettferdige domaren segjer,» sagde Herren;
- 7 «skulde so ’kje Gud hjelpa sine utvalde til retten sin, dei som ropar til honom dag og natt, um han so drygjer det ut for deim?
- 8 Eg segjer dykk: Han skal hjelpa deim til retten sin, og det fort. Men når Menneskjesonen kjem, skal han då finna trui på jordi?»
- 9 Til nokre som trudde um seg sjølve at dei var rettferdige, og som vanvyrde alle andre, sagde han denne likningi:
- 10 «Det var ein gong tvo menner som gjekk upp i templet og vilde beda; den eine var ein farisæar, og den andre ein tollmann.
- 11 Farisæaren stelte seg upp for seg sjølv og bad soleis: «Eg takkar deg, Gud, for di eg ikkje er som anna folk, ein røvar, svikar, horkar, eller og som den tollmannen der!
- 12 Eg fastar tvo gonger i vika, og gjev tiend av alt eg tek inn.»
- 13 Tollmannen stod langt undan; han vilde ikkje ein gong lyfta augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sagde: Å Gud, ver meg syndaren nådig!
- 14 Eg segjer dykk: Han var rettferdiggjord då han gjekk heim til sitt hus, men hin ikkje; for kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»
- 15 Dei bar og småborni sine til honom, so han skulde røra ved deim. Då læresveinarne såg det, truga dei deim;
- 16 men Jesus kalla deim til seg og sagde: «Lat småborni koma til meg, og hindra deim ikkje! For Guds rike høyrer slike til.
- 17 Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal på ingen måte koma inn i det.»
- 18 Ein synagoge-forstandar spurde honom: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit ævelegt liv?»
- 19 «Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud!
- 20 Du kjenner bodi: «Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal æra far din og mor di!»»
- 21 «Alt det hev eg halde frå eg var ung,» svara han.
- 22 Då Jesus høyrde det sagde han: «Eitt vantar deg endå: sel alt det du hev, og byt det ut åt dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen! Og kom so og fylg meg!»
- 23 Mannen vart sturen då han høyrde dei ordi; for han var svært rik.
- 24 Jesus såg det på honom og sagde: «Kor vandt det er for dei som hev gods og gull å koma inn i Guds rike!
- 25 Ja, ein kamel kjem lettare gjenom eit nålauga enn ein rik kjem inn i Guds rike.»
- 26 «Kven kann då verta frelst?» sagde dei som høyrde på det.
- 27 Han svara: «Det som er umogelegt for menneskje, er mogelegt for Gud.»
- 28 «Enn me som hev skilt oss med alt som var vårt og fylgt deg!» sagde Peter.
- 29 Då sagde han til deim: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med hus eller kona eller brør eller foreldre eller born for Gudsriket skuld,
- 30 utan han skal få det att mangdubbelt i denne tidi, og i den verdi som kjem eit ævelegt liv.»
- 31 So kalla han dei tolv innåt seg og sagde til deim: «No fer me upp til Jerusalem, og alt det som profetarne hev skrive um Menneskjesonen, skal ganga fram:
- 32 Han gjevast yver til heidningarne og spottast, og farast ille med og sputtast på,
- 33 og dei skal hudfletta honom og slå honom i hel, og tridje dagen skal han standa upp att.»
- 34 Men dei forstod ikkje noko av dette; det var dult for deim kva som låg i det ordet, og dei skyna ikkje det han sagde.
- 35 Då han no kom burtimot Jeriko, sat ein blind mann attmed vegen og bad seg.
- 36 Då han høyrde det for so mykje folk fram igjenom, spurde han kva var tids.
- 37 Dei fortalde honom at Jesus frå Nasaret for framum.
- 38 Då ropa han: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!»
- 39 Dei som gjekk fyre, skjente på honom og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!»
- 40 Då stana Jesus og sagde at dei skulde leida den blinde hit til honom, og då han kom innåt, spurde han:
- 41 «Kva vil du eg skal gjera for deg?» - «Herre, lat meg få att syni mi!» svara han.
- 42 «No fær du att syni! Trui di hev hjelpt deg,» sagde Jesus.
- 43 Og straks fekk han att syni si og fylgde honom alt med han lova Gud; og alt folket som såg det, gav Gud æra og pris.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.