-
2 Chronicles 34
- 1 Åtte år gamall var Josia då han vart konge, og eitt og tretti år styrde han i Jerusalem.
- 2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og han fylgde i fotefari åt David, far sin, og tok ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre.
- 3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, far sin, og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugarne og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti.
- 4 Dei reiv ned Ba’als-altari med han såg på det; solstolparne som var ovanpå deim, hogg han ned, og Astarte-bilæti og dei uthogne og støypte bilæti slo han sund og knasa og strøydde deim ut på graverne åt deim som hadde ofra til deim.
- 5 Og beini åt prestarne brende han på altari deira. Soleis reinsa han Juda og Jerusalem.
- 6 Og i byarne i Manasse og Efraim og Simeon og radt til Naftali røkte han etter i husi deira rundt ikring,
- 7 og han braut ned altari, slo sund og krasa Astarte-bilæti og gudebilæti og hogg ned solstolparne i heile Israels land; so snudde han heim att til Jerusalem.
- 8 I det attande styringsåret sitt, medan han heldt på å reinsa landet og huset, sende han Safan Asaljason og Ma’aseja, byhovdingen, og kanslaren Joah Joahazson til å setja i stand huset åt Herren, hans Gud.
- 9 Då dei kom til øvstepresten Hilkia, gav dei ut det sylvet som var ført til Guds hus; det var det som levitarne, dørstokkvakti, hadde samla inn frå Manasse og Efraim og heile resten av Israel og frå heile Juda og Benjamin og Jerusalems-buarne.
- 10 Dei gav det til arbeidsformennerne som hadde tilsynet med Herrens hus; og arbeidsformennerne som arbeidde i Herrens hus, bruka det til å vøla på og setja i stand huset;
- 11 for dei gav det til timbremennerne og murarane for at dei skulde kjøpa hoggen stein og timber til bjelkar og timbra upp dei husi som Juda-kongarne hadde øydelagt.
- 12 Mennerne arbeidde trufast, og tilsynet med deim var gjeve til levitarne Jahat og Obadja av meraritarne, og Zakarja og Mesullam av kahatitarne, so dei skulde vera formenner, og alle dei levitar som kunde handsama spelgogner.
- 13 Dei hadde og tilsynet med berarane og sagde alle arbeidarne fyre ved kvart einskild arbeid. Og nokre av levitarne var skrivarar og formenner og dørvaktarar.
- 14 Men då dei tok fram dei pengarne som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boki med Herrens lov, som var gjevi ved Moses.
- 15 Og Hilkia sagde til riksskrivaren Safan: «Eg hev funne lovboki i Herrens hus!» Og han gav boki til Safan.
- 16 Og Safan bar henne til kongen, og gav dessutan melding til honom og sagde: «Alt det som er pålagt tenarane dine, det gjer dei.
- 17 Dei hev tømt ut det sylvet som fanst i Herrens hus og gjeve det til formennerne og arbeidsfolket.»
- 18 So melde riksskrivaren Safan til kongen sagde: «Presten Hilkia hev gjeve meg ei bok.» Og Safan las upp av henne for kongen.
- 19 Men då kongen fekk høyra ordi i lovi, reiv han sund klædi sine.
- 20 Og kongen baud Hilkia og Ahikam Safansson og Abdon Mikason og riksskrivaren Safan og kongstenaren Asaja:
- 21 «Gakk og spør Herren for meg og for deim som er att i Juda og Israel um det som stend i denne boki som er funni. Stor er Herrens harm, som er utrend yver oss, av di federne våre ikkje hev lydt Herrens ord og gjort etter alt det som stend skrive i denne boki.»
- 22 So gjekk Hilkia og dei andre som kongen sagde til, til profetkvinna Hulda, kona åt klædehandlaren Sallum, son åt Tokhat, son åt Hasra; ho budde i ny-byen i Jerusalem, og dei tala med henne um dette.
- 23 Ho svara deim: «So segjer Herren, Israels Gud: Seg til den mannen som sende dykk til meg:
- 24 So segjer Herren: «Sjå, eg sender ulukka yver denne staden og yver folket her, alle dei forbanningarne som er skrivne i den boki som dei hev lese upp for Juda-kongen,
- 25 til straff for di dei hev vend seg frå meg og kveikt offereld for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min skal renna ut yver denne staden og skal ikkje slokna.
- 26 Men til Juda-kongen, som sende dykk til å spyrja Herren, skal de segja: So segjer Herren, Israels Gud, um dei ordi som du høyrde:
- 27 Av di hjarta ditt vart mjukt, og du bøygde deg for Gud då du høyrde ordi hans mot denne staden og folket her, av di du audmykte deg for mi åsyn og reiv sund klædi dine, og gret for mi åsyn, so hev eg og bønhøyrt, segjer Herren!
- 28 So vil eg då samla deg til federne dine, so du kann samlast med deim i gravi di i fred; og augo dine skal sleppa sjå all den ulukka som eg vil føra yver denne staden og folket som bur her.»» Og dei kom att til kongen med dette svaret.
- 29 Då sende kongen bod og stemnde saman alle dei øvste i Juda og Jerusalem.
- 30 Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og Jerusalems-buarne fylgde honom, og prestarne og levitarne og heile folket, frå den minste til den største; og han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus.
- 31 Kongen steig fram på plassen sin og gjorde den pakti for Herrens åsyn at han vilde fylgja Herren og halda bodi og fyresegnerne og loverne hans av alt sitt hjarta og all sin hug og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki.
- 32 Og han let deim ganga inn i pakti, som fanst i Jerusalem og Benjamin, og alle Jerusalems-buarne gjorde etter pakti med Gud, deira fedregud.
- 33 Og Josia fekk burt all styggedomen frå alle dei landi som høyrde til Israels-sønerne, og han nøydde alle som fanst i Israel til å tena Herren, sin Gud. So lenge som han livde, vende dei seg ikkje burt i frå Herren, deira fedregud.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.