-
Isaiah 60
- 1 Statt upp, vert ljos! for ljoset ditt kjem, og Herrens herlegdom renn upp yver deg.
- 2 Sjå, myrker ligg yver jordi, og skydimma yver folki, men yver deg renn Herren upp, yver deg hans herlegdom syner seg.
- 3 Og folkeslag fer til ditt ljos, og kongar til din strålande glans.
- 4 Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.
- 5 Då skal du sjå det og stråla av gleda, og hjarta skal bivra og vida seg ut; for havsens rikdom skal venda seg til deg, folke-midelen koma til deg.
- 6 Mengdi av kamelar skal dekkja deg, kamelfolar frå Midjan og Efa; alle skal dei koma frå Saba; gull og røykjelse skal dei bera, og forkynna Herrens pris.
- 7 Alle sauer frå Kedar skal samlast til deg, verar frå Nebajot tena deg, dei stig som eg vil på mitt altar, og mitt herlege hus vil eg herleggjera.
- 8 Kven er det som flyg som skyer, som duvor til sine hus?
- 9 For øyland ventar på meg, og fremst gjeng Tarsis-skipi med borni dine langt burtanfrå, deira sylv og gull kjem med deim, for namnet åt Herren din Gud, for Israels Heilage, for han vil gjera deg herleg.
- 10 Utlendingar skal dine murar byggja, deira kongar skal tena deg; for i min harm hev eg slege deg, men i min nåde miskunnar eg deg.
- 11 Dine portar skal stødt standa opne, korkje dag eller natt skal dei stengjast, so eiga åt folki kann førast til deg, og kongarne deira i sigerferdi;
- 12 For det folk og det rike som ikkje vil tena deg, skal ganga til grunns, og folki verta reint tynte.
- 13 Libanons herlegdom skal koma til deg, cypressa, alm og gran i saman, til å pryda min heilagdoms stad, eg vil heilaggjera min fotstad.
- 14 Bøygde kjem til deg borni åt trælkaran’ dine, dei som vanvyrde deg, skal kasta seg ned for føterne dine, og dei skal kalla deg «Herrens by», «Sion åt Israels Heilage».
- 15 Medan du fyrr var forlati og hata, og ingi ferdsla hadde, vil eg gjera deg æveleg gild, til ei gleda frå ætt til ætt.
- 16 Du skal suga mjølk ifrå folki, ja, kongebrjost skal du suga, du skal merka at Herren, eg, er din frelsar, og Jakobs Velduge din utløysar.
- 17 Gull let eg koma i staden for kopar, sylv let eg koma i staden for jarn, kopar i staden for tre, og jarn i staden for steinar, fred set eg til styremagt yver deg, og rettferd til futar åt deg.
- 18 Ikkje meir skal ein høyra um vald i ditt land, avøyding og snøyding innum grensorne dine. Du skal kalla frelsa murarne dine, og lovsong portarne dine.
- 19 Ikkje skal soli lenger vera deg til ljos um dagen, og ikkje skal månen skina og lysa for deg; men Herren skal vera deg ævelegt ljos, og din Gud vera din herlegdom.
- 20 Ikkje lenger skal soli di glada, og ikkje månen din missa sin glans; for Herren skal vera deg ævelegt ljos, dine syrgjedagar er enda.
- 21 Og ditt folk, dei er alle rettferdige, æveleg skal dei landet eiga, dei er renningen av mi planting, verket av mine hender til mi æra.
- 22 Den minste skal verta til tusund, den ringaste til eit veldugt folk. Eg er Herren, i si tid set eg det brått i verk.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.