-
Habakkuk 2
- 1 På vaktposten min vil eg stiga upp og standa på varden, og eg vil skygna og sjå kva han vil tala med meg, og kva svar eg fær på mitt ankemål.
- 2 Og Herren svara meg og sagde: Skriv upp syni og rita henne tydeleg på tavlorne, so kvar og ein kann lesa det lett!
- 3 For endå lyt syni venta på si tid, men ho stundar etter målet og skal ikkje svika. Um ho drygjer, so bia på henne, for ho kjem nok, ho skal ikkje verta burte.
- 4 Sjå kor hjartans kaut og krokut han er! Men den rettferdige, ved si tru skal han liva.
- 5 For liksom vinen ikkje er å lita på, so skal den kaute karen ikkje få bu i ro, um han so gaper som helheimen og er som dauden umettande, og um han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag.
- 6 Alle dei skal i sanning setja i med spottesong um honom og sneida etter honom i gåtor; dei skal segja: «Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - Og som lesser på seg pant!»
- 7 Brått skal dei reisa seg dei som skal pina deg, og vakna dei som skal ruska i deg, so du vert til ran for deim.
- 8 Av di du hev plundra mange folk, so skal alt det som vert att er av folki, plundra deg, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
- 9 Usæl den som dreg ihop låk vinning til huset sitt, av di han vil byggja reiret sitt i høgdi og sleppa frå ulukke-hand!
- 10 Du hev rådlagt til skam for ditt hus, rådlagt um å øyda mange folk, og soleis synda mot deg sjølv.
- 11 For steinen skrik utor muren, og frå treverket svarar bjelken.
- 12 Usæl den som byggjer by med blod og reiser borg med urett!
- 13 Er ikkje det av Herren, allhers drott: «Folki arbeider for elden, og folkeslagi møder seg ut for inkje?»
- 14 «For jordi skal fyllast med kunnskap um Herrens herlegdom liksom vatnet fyller havet.»
- 15 Usæl den som skjenkjer andre med harm iblanda, ja, drikk deim drukne, so han kann skoda blygsli deira.
- 16 Du vert metta med skam for æra. Drikk du, og syn di fyrehud! Staupet i Herrens hand kjem til deg, og skjemsla skyler di æra.
- 17 For valdsferdi mot Libanon skal velta yver deg, og øydingi av dyri som skræmde dei, for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
- 18 Kva gagnar eit utskore bilæte, sidan treskjeraren hev skore det? Eller eit støypt bilæte, ein ljugarlærar, sidan støyparen lit so på det, at han lagar mållause avgudar?
- 19 Usæl den som segjer til stokken: «Vakna!» Og: «Reis deg!» til mållause steinen. Skulde den vera lærar? Visst er han slegen med gull og sylv, men det finst ikkje ånd i honom.
- 20 Men Herren er i sitt heilage tempel; ver still for honom, all jordi!
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.