-
2 Samuel 22
- 1 David kvad dette kvædet åt Herren då Herren hadde frelst honom frå alle uvenerne sine, og frå Saul:
- 2 «Herren er mitt berg og mi festning og min frelsar.
- 3 Gud er mitt berg som eg flyr til! Min skjold og mitt frelseshorn Mi høge borg! mi livd! Frelsaren min som friar meg ifrå vald!
- 4 Eg kallar på Herren, den høglova: Frå fiendarne mine frelsar han meg.
- 5 Daudens brot og brand kringsette meg. Straumar av vondskap skræmde meg.
- 6 Helheims reip var snørde ikring meg. Daudsens snaror fanga meg.
- 7 Men Herren kalla eg på i mi trengsla, eg ropa til min Gud. Han høyrde frå templet sitt røysti mi, mitt rop rakk fram til øyro hans.
- 8 Jordi skok seg og skalv, himmelens grunnvollar dirra, Dei skok seg, for harmen hans loga upp:
- 9 Røyk steig upp frå nasen hans, eld frå munnen hans åt ikring seg, gloande kol loga frå honom.
- 10 Han lægde himmelen og steig ned, med kolmyrker under føterne sine.
- 11 Han for fram på kerub og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.
- 12 Myrkret gjorde han til åklæde kring seg, tjeldet hans var myrke vatn, tjukke skyer.
- 13 Frå glansen fyre andlitet hans brann gloande kol.
- 14 Herren tora i himmelen, den Høgste let høyra si røyst:
- 15 Pilerne sine skaut han og spreidde deim, eldingar sende han og fortulla deim.
- 16 Djupålarne i havet kom upp i dagen, grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved Herrens trugsmål, ved andepusten frå hans nase.
- 17 Han rette ut handi frå høgdi og greip meg, han drog meg upp or store vatn.
- 18 Han frelste meg frå min megtige fiende, frå uvenern’ mine, dei var meg for sterke.
- 19 Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min.
- 20 Han førde meg ut i vidt rom. Han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.
- 21 Herren gjorde med meg etter rettferdi mi, han lønte meg etter reinleiken i henderne mine.
- 22 For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud.
- 23 Nei, alle hans rettar hadde eg for auga, bodordi hans veik eg ikkje ifrå.
- 24 So var eg ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.
- 25 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken min for hans augo.
- 26 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande kjempa ulastande.
- 27 Mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde syner du deg rang.
- 28 For du frelsar arme folk, men augo dine er mot dei ovmodige til å tvinga deim ned.
- 29 For du er mi lampa, Herre, og Herren gjer myrkret mitt bjart.
- 30 Ved deg eg renner mot herflokkar, ved min Gud stormar eg murar.
- 31 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.
- 32 For kven er Gud forutan Herren? Kven er eit berg utan vår Gud?
- 33 Gud, han som gyrder meg med kraft, og leider den ulastande på hans veg,
- 34 som gjev meg føter liksom hindarne, og set meg upp på høgderne mine,
- 35 som lærer henderne mine upp til strid, so armarne spenner koparbogen.
- 36 Du gav meg frelsa di til skjold, og småminkingi di ho gjorde meg stor.
- 37 Du gjorde rom for stigi mine, og oklo mine vagga ikkje.
- 38 Eg forfylgde fiendarne mine og tynte deim. Eg vende ikkje um fyrr eg fekk gjort ende på deim.
- 39 Eg gjorde ende på deim og slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg. Dei fall under føterne mine.
- 40 Du gyrde meg med kraft til striden. Du bøygde motmennern’ mine under meg.
- 41 Fiendarne mine let du snu ryggen til meg, deim som hatar meg, rudde eg ut.
- 42 Dei såg seg um - men ingen frelste - til Herren, men han svara deim ikkje.
- 43 Eg smuldra deim som dust på jordi; som søyla på gator krasa eg deim; eg trakka deim ned.
- 44 Du frelste meg ut or mitt folks ufred, til hovud for heidningar vara du meg; folk som eg ikkje kjende, tente meg.
- 45 Ukjende folk smeikte for meg, ved gjetordet um meg lydde dei meg.
- 46 Ja, framandfolk visna av, gjekk skjelvande ut or borgerne sine.
- 47 Herren liver! lova vere han, mitt berg! Ja, upphøgd vere Gud, mitt frelse-berg,
- 48 Gud som gjev meg hemn, legg folkeslag under meg
- 49 og fører meg ut frå fiendarne mine! Ja - du som lyfter meg høgt yver motmennern’ mine og bergar meg undan frå valdsmanns hand!
- 50 Difor, Herre, vil eg prisa deg millom heidningarn’, og lovsyngja ditt namn.
- 51 For han gjer kongen sin sigersæl, gjer miskunn mot honom han salva, mot David og ætti hans til æveleg tid.»
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.