-
1 Kings 22
- 1 No heldt dei seg rolege i tri år; det var ingen ufred millom Syria og Israel.
- 2 Men i det tridje året bar det so til at Josafat, Juda-kongen, drog ned til Israels-kongen.
- 3 Då sagde Israels-kongen til mennerne sine: «Veit de ikkje at Ramot i Gilead høyrer oss til? Men me sit rolege og tek ikkje byen ifrå syrarkongen.»
- 4 Og han sagde til Josafat: «Vil du draga med meg til strid um Ramot i Gilead?» Og Josafat sagde til Israels-kongen: «Eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»
- 5 Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
- 6 Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
- 7 Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja Herren gjenom honom?»
- 8 Israels-kongen svara: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved, men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis må ikkje kongen tala!»
- 9 Då kalla Israels-kongen på ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
- 10 Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud på kvar sin kongsstol, på treskjarvollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
- 11 Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tynar deim.»»
- 12 Og alle profetarne spådde på same måten og sagde: «Drag upp til Ramot, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
- 13 Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat då ordi dine samstavas med deira, og lova lukka du og!»
- 14 Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som Herren segjer til meg.»
- 15 Då han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal me lata det vera?» Då sagde han: «Drag upp, so skal du få siger, og Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
- 16 Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid på at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
- 17 Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
- 18 Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje, at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
- 19 Då sagde han: «So høyr då Herrens ord: Eg såg Herren sitja på sin kongsstol, og heile himmelheren stod der hjå honom på den høgre og den vinstre sida.
- 20 Og Herren sagde: «Kven vil dåra Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
- 21 Men då kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
- 22 Han svara: Eg vil ganga ut og vera ei ljugarånd i munnen på alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad og gjer so!»
- 23 Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen på alle desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
- 24 Då kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika på kinni og sagde: «Kva veg hev då Herrens ande fare frå meg for å tala med deg?»
- 25 Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
- 26 Då sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
- 27 og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom på snaud kost til kongen kjem heim att med heilo!»»
- 28 Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, då hev ikkje Herren tala gjenom meg!» Og so sagde han: «Høyr de folk, alle saman!»
- 29 So drog då Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
- 30 Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden; men hav du dine klæde på deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut og gjekk inn i striden.
- 31 Men syrarkongen hadde gjeve det bodet til sine tvo og tretti hovdingar for stidsvognarne, at dei ikkje skulde taka på nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.
- 32 Då no hovdingarne for stridsvognerne fekk auga på Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei vende seg til åtak på honom. Då sette Josafat i eit høgt rop.
- 33 Og då hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
- 34 Men ein mann som spende bogen og skaut på måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. Då baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren; for eg er såra!»
- 35 Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni imot syrarane; men um kvelden døydde han. Og blodet frå såret hadde runne ned i vogni.
- 36 Ved soleglad gjekk det ropet gjenom heren: «Kvar mann heim til sin by! og kvar mann til sitt land!»
- 37 So døydde då kongen og vart førd til Samaria, og dei jorda kongen i Samaria.
- 38 Då dei skylde vogni ved dammen i Samaria, slikka hundarne blodet hans, og skjøkjorne lauga seg i det, etter Herrens ord som han hadde tala.
- 39 Det som elles er å fortelja um Ahab og alt det han gjorde, og um flisbeinhuset han bygde, og um alle dei byarne han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 40 So lagde Ahab seg til kvile hjå federne sine, og Ahazja, son hans, vart konge i staden hans.
- 41 Josafat Asason vart konge yver Juda i det fjorde styringsåret åt Ahab, Israels-kongen.
- 42 Fem og tretti år gamall var Josafat då han vart konge, og fem og tjuge år rådde han i Jerusalem; mor hans heitte Azuba og var dotter åt Silhi.
- 43 Og han for heilt i same faret som Asa, far sin; han veik ikkje av frå det, med di han gjorde det som rett var i Herrens augo.
- 44 Men offerhaugarne vart ikkje burttekne, folket heldt ved og ofra slagtoffer og brende røykoffer på haugarne.
- 45 Og Josafat heldt fred med Israels-kongen.
- 46 Det som elles er å fortelja um Josafat, og dei storverki han gjorde og dei krigarne han førde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
- 47 Han rudde ut or landet dei utukt-sveinarne som hadde vorte att den tid Asa, far hans, styrde.
- 48 Det var ingen konge i Edom; ein jarl var konge.
- 49 Josafat hadde ti Tarsis-skip som skulde fara til Ofir etter gull; men dei kom ikkje av stad, for nokre skip forliste ved Esjon-Geber.
- 50 Då sagde Ahazja Ahabsson til Josafat: «Lat mine menner fara med dine på skipi!» Men Josafat vilde ikkje.
- 51 Og Josafat lagde seg til kvile hjå federne sine, og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far hans, og Joram, son hans, vart konge i staden hans.
- 52 Ahazja Ahabsson vart konge yver Israel i det syttande styringsåret åt Juda-kongen Josafat, og han rådde yver Israel i tvo år.
- 53 Og han gjorde det som vondt var i Herrens augo og for fram i fotefari åt far sin og mor si og Jerobeam Nebatsson, han som fekk Israel til å synda. Og han tente Ba’al og bad til honom, og harma Herren, Israels Gud, plent som far hans hadde gjort.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.