-
1 Corinthians 7
- 1 Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna.
- 2 Men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann!
- 3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona imot mannen!
- 4 Kona råder ikkje yver sin eigen likam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen likam, men kona.
- 5 Haldt dykk ikkje frå einannan, utan etter samråd, til ei tid, so de kann liva berre for bøn, og kom so atter saman, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande.
- 6 Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod.
- 7 For eg vilde at alle menneskje var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so.
- 8 Til dei ugifte og til enkjorne segjer eg: Det er godt for deim um dei vert verande som eg.
- 9 Men kann dei ikkje halda seg frå, so fær dei gifta seg, for det er betre å gifta seg enn å lida brune.
- 10 Men deim som er gifte, byd ikkje eg, men Herren, at kona ikkje må skiljast frå mannen -
- 11 men er ho skild frå honom, skal ho verta verande ugift eller semjast med mannen - og at ein mann ikkje må skilja seg frå kona si.
- 12 Til dei andre segjer eg, ikkje Herren: Um ein bror hev ei vantruande kona, og ho samtykkjer i å bu hjå honom, so skal han ikkje skilja seg frå henne;
- 13 og ei kona som hev ein vantruande mann, og han samtykkjer å bu hjå henne, ho skal ikkje skilja seg frå mannen!
- 14 For den vantruande mannen er helga ved kona, og den vantruande kona er helga ved broren; for elles var borni dykkar ureine, men no er dei heilage.
- 15 Men skil den vantruande seg ifrå, so lat honom skilja seg; for broren eller systeri er ikkje trælbundne i slike ting, men Gud hev kalla oss til fred.
- 16 For kva veit du, kona, um du kann frelsa mannen? Eller kva veit du, mann, um du kann frelsa kona?
- 17 Berre at kvar må ferdast so som Herren hev gjeva honom, som Gud hev kalla honom. Og soleis segjer eg fyre i alle kyrkjelydarne.
- 18 Er nokon kalla då han var nokon umskoren, so drage han ikkje fyrehud yver; er nokon kalla då han var u-umskoren, so late han seg ikkje umskjera!
- 19 Umskjering er ingen ting, og fyrehud er ingen ting, men det å halda Guds bod.
- 20 Kvar og ein verte verande i det kall som han er kalla i!
- 21 Er du kalla som træl, so syt ikkje for det! Men kann du og verta fri, so gjer heller bruk av det!
- 22 For den træl som er kalla i Herren, han er Herrens frigjevne; like eins og den frie som er kalla, han er Kristi træl.
- 23 De er dyrt kjøpte; vert ikkje trælar for menneskje!
- 24 I det stand som kvar er kalla i, brør, i det verte han verande hjå Gud!
- 25 Men um møyarne hev eg ikkje noko bod frå Herren, men eg segjer mi meining, sidan eg av Herren hev fenge miskunn til å vera truverdig.
- 26 Eg meiner då det, at det for den noverande naud skuld er godt for eit menneskje å vera soleis.
- 27 Er du bunden til ei kona, so søk ikkje skilsmål! Er du ubunden av ei kona, so søk ikkje ei kona!
- 28 Men um du og gifter deg, syndar du ikkje; og um ei møy gifter seg, syndar ho ikkje; men slike kjem til å få trengsla for kjøtet, men eg vilde gjerne spara dykk.
- 29 Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev,
- 30 og dei gråtande som ikkje gråtande, og dei glade som ikkje glade, og dei kjøpande som ikkje eigande,
- 31 og dei som brukar denne verdi, som dei som ikkje brukar henne; for skapnaden åt denne verdi forgjengst.
- 32 Eg vil helst at de skal vera utan umsut. Den ugifte hev umsut for det som høyrer Herren til, korleis han kann vera Herren til hugnad.
- 33 Men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis han skal vera kona til hugnad.
- 34 Det er skilnad på kona og møy. Den ugifte kvinna hev umsut for det som høyrer Herren til, at ho kann vera heilag både på likam og ånd; men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis ho kann vera mannen til hugnad.
- 35 Dette segjer eg til dykkar eige gagn, ikkje til å setja ei snara for dykk, men til å fremja sømd og stødt vedhald for Herren.
- 36 Men um nokon trur at det er urett for hans ugifte dotter, når ho er utyver ungdomsalderen, og det må so vera, han gjere då som han vill, han syndar ikkje; lat deim gifta seg!
- 37 Men den som stend fast i hjarta og ikkje er nøydd, men hev vald yver sin eigen vilja og hev sett seg det fyre i sitt hjarta at han vil halda dotter si ugift, han gjer vel;
- 38 so at både den som gifter burt, gjer vel, og den som ikkje gifter burt, gjer betre.
- 39 Ei kona er bundi so lenge mannen hennar liver; men når mannen hennar er avsovna, er ho fri, so ho kann gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.
- 40 Men sælare er ho, um ho vert verande som ho er, etter mi meining. Men eg trur og at eg hev Guds Ande.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.