-
1 Chronicles 19
- 1 Sidan bar det so til at Nahas, kongen åt Ammons-sønerne, døydde, og son hans vart konge etter honom.
- 2 Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, etter di far hans syne meg venskap.» Og David skikka sendemenner til å trøysta honom i hans sorg etter faren. Tenarane hans David kom då til landet åt Ammons-sønerne, til Hanun, og vilde trøysta honom.
- 3 Då sagde hovdingarne for Ammons-sønerne til Hanun: «Trur du at David vil æra far din med det at han sender trøystarar til deg? Nei, det er til å gjera seg kjende i landet, til å øydeleggja og spæja det ut, at tenararne hans er komne til deg.»
- 4 Då tok Hanun tenararne åt David og let raka deim og skjera av klædi deira på midten rett upp åt med sætet, og let deim so fara.
- 5 Og det kom folk til David med tidend um mennerne; då sende han bod imot deim; for mennerne var groveleg svivyrde. Og kongen let segja: «Ver i Jeriko til dess skjegget dykkar er utvakse, og kom so heim att.»
- 6 Då no Ammons-sønerne skyna at dei hadde gjort David hatig på seg, sende Hanun og ammonitarne tvo og eit halvt tusund vågar sylv til å leiga seg vogner og hestfolk for frå Mesopotamia, frå Aram-Ma’aka og frå Soba.
- 7 Dei leigde seg tvo og tretti tusund vogner og dertil hjelp hjå kongen i Ma’aka og hans folk; dei kom og lægra seg framfor Medba. Ammonitarane samla seg og or byarne sine og tok ut til strid.
- 8 Då David høyrde det, sende han Joab i veg med heile heren, dei djervaste hermennerne.
- 9 Og Ammons-sønerne drog ut og fylkte seg framfor byporten; men kongarne som var komne dit, stod for seg sjølve på opi mark.
- 10 Då Joab såg at han hadde fiendar både frampå og bak, gjorde han eit utval millom det utvalde mannskapet, og so fylkte han deim imot syrarane.
- 11 Men hitt folket han gav han yver til Absai, bror sin, og dei fylkte seg beint imot ammonitarne.
- 12 Og han sagde: «I fall syrarane vinn på meg, so skal du koma meg til hjelp; og vinn Ammons-sønerne på deg, skal eg hjelpa deg.
- 13 Ver no djerv; ja, lat oss syna manndom i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! Og so fær Herren gjera det som han tykkjer best.»
- 14 So gjekk Joab fram med folket sitt til strid mot syrarane, og dei rømde for honom.
- 15 Men då ammonitarne såg at syrarane rømde, so flydde dei og for Absai, bror hans, og drog seg inn i byen. Då for Joab heim til Jerusalem.
- 16 Då syrarane såg at dei hadde roke for Israel, sende dei bod til syrarane som budde på hi sida åt elvi, at dei skulde taka ut med Sofak til herførar; han var hovudsmann hjå Hadarezer,
- 17 Då David spurde dette, samla han heile Israel og gjekk yver Jordan, og då han kom fram til deim, fylkte han heren til strid imot syrarane, og so gav dei seg til å strida mot honom.
- 18 Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned hermennerne på sju tusund vogner og fyrti tusund mann fotfolk av syrarane; herhovdingen Sofak felte han og.
- 19 Då tenarane åt Hadarezer såg at dei hadde roke for israelitarne, gjorde dei fred med David og vart tenarane hans. Då vilde ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
-
-
Active Persistent Session:
To use a different persistent session key, simply add it above, and click the button below.
How This All Works
Your persistent session key, together with your favourite verse, authenticates you. It links to all your notes and tags in the Bible. You can share it with loved ones so they can see your notes and tags.
However, to modify your notes and tags, you need both the persistent session key and your favourite verse.
Please Keep Your Favourite Verse Private
Your persistent session key and favourite verse provide you exclusive access to edit your notes and tags. Think of your persistent session key as a username and your favourite verse as a password. Therefore, ensure your favourite verse is kept private.
The persistent session key allows viewing, while editing is only possible when the correct favourite verse is provided.
-
Loading...
-
-
Studentmållagsbibelen frå 1921 (norsmb - 1)
2012-01-25Norwegian nynorsk (nn)
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921
- Encoding: UTF-8
- Direction: LTR
- LCSH: Bible. Norwegian.
- Distribution Abbreviation: SMB
License
Public Domain
Source (OSIS)
http://gamal.nynorsk.no/mu/smio/bibelen/
- history_1.0
- First version (2012-01-25)
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.